Hopp til innhold
X
Innhald

Gryttenbåtane

Ein av båtane til Grytten-brørne - Førdefjord - legg til kai i Florø.

Ein av båtane til Grytten-brørne - Førdefjord - legg til kai i Florø.

I 1928 starta Anders og Johan Grytten frå Gryta ei lokalrute med motorbåt frå Redal til Florø. I 1932 starta Grytten-brørne også lokalrute frå Redalen til Førde.

I 1935 kjøpte dei motorbåten ”Vevringsfjord” med plass til 47 passasjerar. Frå 1940 vart ”Vevringsfjord” nytta av Fylkesbaatane som leigebåt. I 1953 kjøpte Grytten-brørne ein større båt som, dei kalla ”Førdefjord”. Denne båten gjekk i lokalrute på Førdefjorden fram til 1968.

Seinare dreiv gardbrukar og fjordfiskar Sigurd Skjærli i mange år mjølkerute og skyssfart til dei siste veglause gardane i indre Førdefjorden. Skjærli var elles kjend for at han dreiv torghandel med fersk fisk og krabbe i Førde sentrum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.12.2009