Hopp til innhold
X
Innhald

Gunnvor Aase

Gunnvor Aase fødd 1965 i Naustdal, busett i Oslo. Volleyballspelar og trenar.

Gunnvor Aase fødd 1965 i Naustdal, busett i Oslo. Volleyballspelar og trenar.

Ho var kring 1980 med på laget som spela Tambarskjelvar opp i landseliten. Gunnvor Aase har også spela for KFUM Oslo og vorte Noregsmeister. Ho spela eitt år for universitetslag på Hawaii og har 88 landskampar.

Som trenar har ho vunne NM for juniorar med laget Koll.

Er tilsett som leiar for informasjon og førebygging i Antidoping Norge.

Søster til Ingrid Aase og Kristin Aase.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.12.2010