Hopp til innhold
X
Innhald

Håkon Fimland

Håkon Fimland, friidrettsmann, Senterpartipolitikar og kultursjef i Førde, frå 2005 til 2012 med tittelen kommunalsjef.

Håkon Fimland var fødd 1942 i Naustdal og var busett i Førde til han døydde i 2016.

På spesialdistansen 110 meter hekk har Fimland sju NM-titlar 1970-1976. Han vart nordisk meister 1971, og han deltok i EM 1969 og 1971 med semifinaleplass som beste resultat. Han var utteken til OL i München i 1972, men måtte melde forfall på grunn av skade.

Fimland representerte bergensklubben Gular frå 1967, og bestetida hans på 110 m hekk, 13,7, står i 2012 framleis som krinsrekord for Hordaland. Fire gonger var han med på å vinne Holmenkollstafetten for Gular.

Som lærar i Bergen var Håkon Fimland medlem av bystyre og kulturutval, og etter flytting til Førde medlem av kommunestyre og formannskap fram til 1987. Han var medlem av Norsk Kulturråd i åtte år, og nestleiar i Norges Friidrettsforbund 1987-1991.

Fimland vart tildelt Kongens Fortenestemedalje i 2009.

Håkon Fimland er son til Ola Fimland (sjå Idrettslaget Tambarskjelvar.)

Håkon Fimland (t.v.) tok mange NM-titlar på 110 meter hekk, ofte i tett kniving med Kjellfred Weum frå Luster (t.h.) Biletet er frå ein landskamp mot Belgia, Nederland og Luxembourg. Foto: Knut Edvard Holm, utlånt av Håkon Fimland.

Håkon Fimland (t.v.) tok mange NM-titlar på 110 meter hekk, ofte i tett kniving med Kjellfred Weum frå Luster (t.h.) Biletet er frå ein landskamp mot Belgia, Nederland og Luxembourg. Foto: Knut Edvard Holm, utlånt av Håkon Fimland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2021