Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestell i Naustdal

Naustdal Sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal Sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Spillsykja herja

I 1857 vart det talt 109 spedalske i Førde prestegjeld: I Førde sokn var det 26 spedalske, i Naustdal 58, og Vevring 25.

Dei tre bygdedokterane

Sæla-dokteren i Naustdal – Henrik Ananiason Sæla (1753-1790) kunne lækje både folk og fe. Folk kom langveges ifrå for hjelp.

Soldatepidemien i 1811

Første distriktslegen i Fjordane fekk mykje å gjere med ein epidemi som vart dregen heim med soldatar frå krigen mot svenskane kring 1811.

Naustdal Helsesenter med legekontor. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdal Helsesenter med legekontor. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Spanskesykja tok mange

Den sterke influensaepidemien som seinare har vorte kalla spanskesykja, gjorde at mellom 40 og 100 millionar menneske over heile verda døydde i åra 1918-1919. Det var særleg unge menneske som døydde av spanskesykja. I Naustdal døydde det 25 menneske av sjukdomen i 1918.

Pleieheimen i Gryta

Inga Johanna Grytten (1894-1990) var utdanna sjukepleiar, og i 1935 starta ho pleie av sjuke og eldre i heimen sin i Gryta. Den private pleieheimen hadde fem pasientar, som kom frå bygder i kommunane Vevring, Bru, Kinn og Eikefjord. Saman med fostersonen, Ola Furelid, dreiv Inga denne pleieheimen fram til kring 1955.

Alders- og sjukeheim i Naustdal

Naustdal Helselag starta drift av aldersheim i 1948 i leigde lokale og bygde ny aldersheim i 1960.

Fjordtun i Vevring, der det er både barnehage og eldrebustader. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordtun i Vevring, der det er både barnehage og eldrebustader. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.10.2012