Hopp til innhold
X
Innhald

Hukset Bygdemølle

Hukset Bygdemølle vart bygd av Johannes Støfring like etter 1900. Bygdemølla låg ved elva Åsedøla og var i bruk til slutten av 1950-talet. Det var Ola K. Strand som dreiv bygdemølla etter krigen. Korndyrkinga gjekk sterkt tilbake etter 2. verdskrig, og i 1959 var det berre att seks bruk i heile Naustdal som hadde eigne kornåkrar.

Ved Åsedøla låg det også ei tøystampe i eldre tider. Det var husmannen Anders Rasmusson Hukset på Stampehogen som dreiv stampa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.12.2009