Hopp til innhold
X
Innhald

Idrettslaget Tambarskjelvar

Stian Grimseth i Atlanta-OL i 1996. Scan-Foto: Erik Johansen

Stian Grimseth i Atlanta-OL i 1996. Scan-Foto: Erik Johansen

Når det er snakk om toppidrett i Sunnfjord, handlar det meste om Naustdal og idrettslaget «Tambarskjelvar».

Laget har fostra m.a. hekkeløparen Håkon Fimland som var grossist på NM-titlar på 1970-talet, og vektløftarar av internasjonalt format med tungvektaren Stian Grimseth i spissen. Kvinnevolleyballaget til Tambarskjelvar har spela i den nasjonale toppdivisjonen i fleire sesongar, og mange volleyballspelarar frå Naustdal har vore på landslaga både for kvinner og menn.

Sett saman av mindre lag

Då Tambarskjelvar vart skipa som felles idrettslag for Naustdal i 1949, skjedde det ved samling av ei mengd mindre idrettslag i kommunen. På same vis som i skyttar-rørsla, var Instedalen også her først ute med idrettslaget «Hermod» i 1905, med Jakob Slettemark som føregangsmann.

I 1914 vart dei lokale idrettslaga i dalen samla i idrettslaget «Tambarskjelvar». Laget dreiv gymnastikk og friidrett og bygde eigne skibakkar, m.a. «Tambarkollen» på Fimland, og «Kallandsbakken». Første skihopparane som representerte Tambarskjelvar utanfor bygda var Ingolv Eimhjellen og Ola P. Fimland. Håkon Indrekvam vart fylkesmeister i hopp i 1940.

Hopprenn i Kallandsbakken i 1942. Slike arrangement var forbodne av den tyske okkupasjonsmakta, og ekstra dristig av arrangørane var det å heise det norske flagget. Ukjend fotograf. Eigar: Amanda Furehaug.

Hopprenn i Kallandsbakken i 1942. Slike arrangement var forbodne av den tyske okkupasjonsmakta, og ekstra dristig av arrangørane var det å heise det norske flagget. Ukjend fotograf. Eigar: Amanda Furehaug.

Full samling frå 1949

I 1919 gjekk Naustdal Idrettslag saman med Tambarskjelvar, og i 1949 var alle idrettslaga i kommunen samla i Tambarskjelvar. Stafettlaget til Tambarskjelvar vann årvisst Breimstafetten på 1950-talet, og i 1955 starta laga «Naustdal-stafetten».

I 1956 vart Norvald Herstad noregsmeister i 10-kamp etter å ha teke sølv året før. Halldor Herstad var ein av dei fremste langrennsløparane i fylket på 1950-talet.

Kraftkarane markerer seg

Andreas Engebø frå Kvellestad var den første «kraftkaren» i Tambarskjelvar, som deltakar på landslaget i kulestøyt 1957 og 1963. Han vann NM-tittel i vektløfting supertungvekt 1971,1972 og 1973, og vart norsk og nordisk meister i styrkeløft i 1967.

Brørne Hjalmar og Magn Ness var framståande vektløftarar på 1970-talet, og var med og la grunnlaget for det som har vorte eitt av dei beste vektløftarmiljøa i landet. M.a. har Tambarskjelvar vunne lagtevlinga i NM fleire gonger, og både Stian Grimseth og Geir Grønnevik har vunne norske og internasjonale meistertitlar.

Vektløftarlaget til Tambarskjelvar har nærmast vore grossistar i NM-titlar for lag på 1990-talet, og tok sølv i Nordisk meisterskap på heimebane i 2002.

Hekkeløpar på landslaget

Håkon Fimland er ein av dei fremste friidrettsutøvarane frå Sogn og Fjordane. På 1970-talet var han fast på det norske landslaget. Under friidretts-NM i 1973 fekk han Kongepokalen. Han vart nordisk meister 1971, og han deltok i EM 1969 og 1971 med semifinaleplass som beste resultat.

Sindre Rørstadbotnen er ein av mange vektløftarar på nasjonalt toppnivå frå Tambarskjelvar. Foto: Erling Molt Korsnes, NRK.

Sindre Rørstadbotnen er ein av mange vektløftarar på nasjonalt toppnivå frå Tambarskjelvar. Foto: Erling Molt Korsnes, NRK.

I landstoppen i volleyball

På slutten av 1970-talet kom kvinne-volleyballaget til Tambarskjelvar opp som eitt av dei fremste i landet, og vart nr. tre i sluttspelet om NM-tittelen i 1984. Fleire av spelarane har vore med på landslaget, og Merita Berntsen deltok også i OL i sandvolleyball i Atlanta 1996.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2010