Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Naustdal

Landbruket har vore og er framleis den viktigaste næringa i Naustdal. Mange bønder har og hatt laksefisket i Nausta som ei god attåtnæring. Dette biletet er frå Hukset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Landbruket har vore og er framleis den viktigaste næringa i Naustdal. Mange bønder har og hatt laksefisket i Nausta som ei god attåtnæring. Dette biletet er frå Hukset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdal var før 1970-talet ein av dei mest einsidige landbrukskommunane i fylket. Men veksten i nabokommunen Førde gav Naustdal ei ny rolle. Nærleiken til Førde gjorde at mange med arbeid i vekstsenteret busette seg i Naustdal. Ved utgangen av 2013 var det fleire yrkesaktive med bustad i Naustdal som arbeidde i Førde enn i heimkommunen.

Omtalane er ordna etter startår:

Tidleg handel i Naustdal

Den gamle skyssruta med båt inn Førdefjorden gjorde at det frå midten av 1600-talet vart skipa skysstasjonar med gjestgiveri og lokal handel både i Naustdal og på Tingneset i Vevring.

Mads Boge Martens

- sjå Tidleg handel i Naustdal.

Gjestgiveri og handel i Vevring

På Tingneset i Vevring står eit herskapeleg, toetasjes hus med halvvalma tak midt i ei klyngje av eldre bygningar. Huset er frå 1790, men vart utvida og ombygt i 1858. På Tingneset var det skysstasjon frå midten av 1600-talet, og frå tidleg på 1700-talet også gjestgiveri.

Vevring Landhandel AS

– sjå Gjestgiveri og handel i Vevring.

Fjordbutikken AS

– sjå Gjestgiveri og handel i Vevring.

Dei første sagbruka i Naustdal

I 1793 fekk Markvard Hukset løyve til å byggje oppgangssag.

Forretningsfamilien Friis Gundersen

Prestesonen Johan Friis frå Førde overtok Naustdalsgarden i 1843. Seinare har familien Friis Gundersen drive hotell og har lakserettar i Nausta.

Huset til Henrik Gundersen står framleis i Naustdal sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Huset til Henrik Gundersen står framleis i Naustdal sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gundersens Hotell

- sjå Forretningsfamilien Friis Gundersen.

Claus Hansen

frå Bergen starta kring 1860 landhandel i Naustdal, og fekk løyve til å selje brennevin. Han utvida forretningsgarden sin i 1868. Ein veit sikkert at Hansen dreiv handel i Naustdal til etter 1888.

Johannes Bertelsson

dreiv handel i Naustdal sentrum frå ca. 1862. Fleire detaljar om kva slags handel det var og kor lenge han dreiv vantar. Sonen Thomas veit ein vart handelsbetjent hjå kjøpmann Friis Gundersen.

Naustedøler eigde kyrkje og sjøbuer i Kinn

I 1862 gjorde to brør frå Naustdal ei dristig og vellukka investering ute ved kysten.

”Skipsreiaren” i Gryta

Ola Jakobsson Grytten (1833-1921) hadde først budd i Eikefjord før han overtok ein gard i Gryta i 1865. Ola dreiv oppkjøp av fisk i Nord-Noreg og skaffa seg ei etter måten stor jakt som han dreiv fraktfart med langs norskekysten og jamvel til Østersjøen og Russland. Om somrane salta han feitsild som han selde kring Østersjøen. På returen til Noreg frakta han korn.

Torbjørn Litleré

frå Voss starta i 1872 landhandel i Naustdal.

Steffen M. Hjelle

dreiv som bakar i Naustdal i 1875, men det er uvisst om han dreiv eiga verksemd eller var tilsett som bakar hjå andre forretningsdrivande i bygda.

Her ved Hovefossen var det mellom anna sag og bygdemølle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her ved Hovefossen var det mellom anna sag og bygdemølle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mads O. Hove

bygde sag, smie og snikkarverkstad ved Hovefossen ca. på 1870-talet. Svigersonen til Mads, Ivar Karlsson Svoen, dreiv ei bygdemølle ved Hovefossen. Seinare bygde han einstolfabrikk der det vart produsert pinnestolar. Verkstaden vart lagt ned kring 1915.

Elias Østensson Fauske

flytta til garden Sæla truleg kring 1877. På slutten av 1800-talet dreiv han med oppkjøp av livdyr som han selde til Bergen. Bygdeboka fortel også at Elias dreiv og selde varer til folk i bygda, men det er lite truleg at dette var ein retteleg assortert landhandel.

Johan Jonstad og Olai Horstad

starta på 1880-talet landhandel i Naustdal.

Brørne Horstad

landhandel - sjå Johan Jonstad og Olai Horstad.

Max Matsenter

- sjå Johan Jonstad og Olai Horstad.

Jonstad-butikken

- sjå Johan Jonstad og Olai Horstad.

ICA Nær Naustdal

- sjå Johan Jonstad og Olai Horstad.

Liljedal bakeri

Kring 1885 starta Edvard Liljedal bakeri i Naustdal.

Norskmaalets Bokhandel

vart starta av Mons Litleré i 1886 - les meir under Torbjørn Litleré.

Anders Olsson Savland

frå garden Savland flytta ned til Naustdal og starta med landhandel der i 1886. Han emigrerte året etter til Amerika.

Nils Martinsson

er omtala som handelsmann i Naustdal, men kva slags handel, eller om han var tilsett hjå andre, er ukjent. Det einaste ein veit er at han budde i bygda frå 1888 til 1895.

Naustdal Dampbakeri på Kronborg i Førde. Bakeriet flytta til grannekommunen etter 91 år i Naustdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdal Dampbakeri på Kronborg i Førde. Bakeriet flytta til grannekommunen etter 91 år i Naustdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdal Dampbakeri

vart starta i Naustdal av Ola Berntsen i 1895. I 1986 vart verksemda flytta til Førde.

Åmot Meieri

vart starta i 1896. Før det vart bygt eige meierihus ved Hyelva, heldt det enkle meieriet på Åmot til i ei gamal eldstove på garden.

Fimland Meieri

vart starta i 1898. Seinare organiserte brukarane på Fimland eit såkalla smørlag som stod for sal av smøret.

Hove Meieri

vart bygt ved Hovefossen i 1899.

Naustdal & Vevring Brandtrygdelag

vart grunnlagt i 1900, først for Naustdal, og frå 1908 også for dåverande Vevring kommune.

Johannes O. Thingnes

starta meieri på Tingneset i Vevring i 1900. Seinare fekk Thingnes i gang avdelingar på Kvellestad og i Steindalen. Meieria produserte smør som m.a. vart eksportert til Newcastle. Meieriet i Vevring var i drift til 1920.

Per Hansson

dreiv kring 1900 landhandel og bakeri i Naustdal nokre år.

Hukset Bygdemølle

vart bygd av Johannes Støfring like etter 1900.

M & S Kleiva landhandel

M & S Kleiva landhandel vart grunnlagt 1903 av brørne Martin og Salmund Kleiva, frå 1908 var Martin eineeigar.

Nikolai Fauske

starta landhandel i Naustdal, truleg like etter 1900.

Garden Einevollen ligg oppå høgda til høgre i biletet, men folk derifrå bygde båtar i eit naust dei hadde nede ved fjorden på Helle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Garden Einevollen ligg oppå høgda til høgre i biletet, men folk derifrå bygde båtar i eit naust dei hadde nede ved fjorden på Helle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Båtbygging på Helle

Folket frå garden Einevollen, som ligg høgt oppe i lia ovanfor Helle, var kjende som dyktige båtbyggjarar. Båtane bygde dei i naustet sitt på Helle, og det vert fortalt at dei hadde innreia eit rom i naustet der dei låg over når dei dreiv og bygde båtar. Det var for tidkrevjande å gå ein time heilt opp til garden i Einevollen for å overnatte der. Rommet i naustet nytta einevollkarane også når dei kom seint heim frå fiske.

Naustdal Sparebank

vart skipa i 1903. I 1984 vart banken innlemma i Sunnfjord Sparebank, no Sparebanken Sogn og Fjordane.

Sparebanken Sogn og Fjordane

i Naustdal - sjå Naustdal Sparebank.

Ein av båtane til Liabø - Dagning.

Ein av båtane til Liabø - Dagning.

Mads Liabø

frå Liabø fekk kring 1905 i gang tre smørmeieri i Sunnfjord og starta eksport av smør til England. Eksporten tok slutt då 1. verdskrig braut ut i 1914. I 1915 kjøpte Liabø seg motorbåt og bygde etter kvart opp ein heil flåte med skyss- og fraktefarty saman med sønene sine. - Les meir om dette i eigen artikkel under Samferdsle: Liabøbåtane.

Vevring Sparebank

vart skipa i 1906 med eit grunnfond på 2.000 kroner. I 1973 gjekk banken inn i den nyskipa eininga Sunnfjord Sparebank saman med Førde, Askvoll og Jølster – frå 1988 Sparebanken Sogn og Fjordane.

Naustdal Handelslag

vart starta i 1910 på Kalland i Naustedalen.

Fimlandsbua

- sjå Naustdal Handelslag.

Kalland Meieri

vart starta kring 1912 etter opptak av Bertel Birkeland. Meieriet var i drift til grenda starta smørlag tidleg på 1920-talet.

Fiskebåtreiarane på Horne

Brørne Markus og Martin Horne på Horne lengst vest i kommunen kjøpte første fiskebåten i 1919.

Gabriel M. Vatne

starta landhandel på Helle i 1921.

Ottar og Sofia Molnes

- sjå Gabriel M. Vatne.

Naustdal Manufaktur heldt til i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal Manufaktur heldt til i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal Manufaktur L/L

vart starta av Mathias Solheim i 1923, og selde m.a. kle, sko og steintøy, porselen m.m. Forretninga heldt til i eige, stort bygg i sentrum. Mathias Solheim var den første som starta med drosjekøyring i Naustdal.

Naustdal Meieri

vart skipa i 1924. Dette avløyste m.a. meieri på Fimland, Åmot og Hove, som var bygde på slutten av 1800-talet.

Andreas Bruflot

starta landhandel på Fimland i 1923. Dette var den første butikken på Fimland. Bruflot dreiv til kring 1930.

Anfinn Fimland

starta landhandel på Fimland i 1924. Han dreiv til 1929, då Olav Horstad tok over og dreiv til 1940.

Huset der Sivert Reed dreiv bakeri er no kyrkjelydshus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Huset der Sivert Reed dreiv bakeri er no kyrkjelydshus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sivert Reed

starta bakeri i Naustdal midt på 1920-talet. Bakeriet låg i huset som seinare vart kyrkjelydshus og var i drift til slutten av 1950-talet.

Naustdal Automobilselskap

Naustdal Automobilselskap vart skipa av aksjonærar i Instedalen i 1928.

Naustdal Billag

- sjå Naustdal Automobilselskap.

Firda Billag

- sjå Naustdal Automobilselskap.

Torfinn R. Nyheim

starta landhandel på eigedomen Nyheim like ved skulen på Horstad i 1928. Han dreiv butikken til ut på 1980-talet.

Vassbotnen Ysteri

vart starta av dei tre gardbrukarane i grenda Vassbotnen ved Vevring i 1929.

Reiakvam Snikkarverkstad

vart grunnlagd i 1932 av Audun Reiakvam. Den første tida dreiv Reiakvam produksjon av bygningsartiklar, men utvida seinare med møbelproduksjon.

Reiakvam Dørfabrikk

- sjå Reiakvam Snikkarverkstad.

Lyder Kvellestad

starta kring 1930 landhandel på Kvellestad i Vevring. Butikken avvikla like før krigen. Også Hanna Førland dreiv kring 1930 landhandel på Kvellestad.

Brørne Sakarias og Magnus Fimland

starta landhandel på Fimland kring 1930. Butikken deira vart kalla ”Butikkloftet” og vart driven til 1940.

Mathias Solheim

opna den første bensinstasjonen i Naustdal i byrjinga av 1930-talet, og nokolunde på same tid starta han med drosje. Solheim vart den første med drosjebil i Naustdal.

Sigvald Hjelle

starta med drosjekøyring kring 1938. Seinare dreiv han bensinstasjon og bilverkstad.

Hjelle Servicesenter

- sjå Sigvald Hjelle.

Naustdal Hytteutleige AS

- sjå Sigvald Hjelle.

T.R. Veien

starta i 1938 verkstad for produksjon av kjerrehjul og vogner til bruk i landbruket. Firmaet hadde kundar over heile fylket.

Øystein Aarseth Brukskunst

Øystein M. Aarseth starta ein møbelverkstad heime på garden i Vevring i 1942.

Brukskunst

- sjå Øystein Aarseth Brukskunst.

Natur & Miljø

– sjå Øystein Aarseth Brukskunst.

Naustdal Samyrkelag

vart skipa i 1946, med landhandel og radioforretning.

Fimlandsbua

- sjå Naustdal Samyrkelag.

Coop Marked Kalland

- sjå Naustdal Samyrkelag.

S-Nærkjøp på Kalland, seinare fekk butikken namnet Coop Marked Kalland. Butikken vart lagd ned i 2009, men bygdefolket overtok bygningen og opna Dalen Næringssenter der i 2012. Foto: Ottar Starheim, NRK.

S-Nærkjøp på Kalland, seinare fekk butikken namnet Coop Marked Kalland. Butikken vart lagd ned i 2009, men bygdefolket overtok bygningen og opna Dalen Næringssenter der i 2012. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Torleiv Veien

dreiv hjulmakarverkstad på Veien frå kring 1950 til 1960. Han hadde opptil fem tilsette og laga i tillegg til vognhjul og vogner også sparkstøttingar og rattkjelkar.

Ragnvald Naustdal

bygde bensinstasjon og bilverkstad i Naustdal sentrum i 1958.

Naustdal Bensin & Service AS

- sjå Ragnvald Naustdal.

Sogn og Fjordane Forlag

vart skipa i 1980 av Åsmund Berthelsen. Det skifta seinare namn til Vestlandsforlaget. Sjå elles under Aviser og media i Naustdal: Sogn og Fjordane Magasin.

Vestlandsforlaget

- sjå Sogn og Fjordane Forlag.

Naustdal Fiskefarm vart starta i 1983, men er no avvikla. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdal Fiskefarm vart starta i 1983, men er no avvikla. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdal Fiskefarm A/S

på Sæle vart skipa i 1983 av Håkon Myrvang frå Måløy. Selskapet hadde i 2000 fire tilsette og ei omsetning på 20 millionar kroner. Konkurs i 2003. Oppkjøpt av Firda Management i 2004 - sjå: Firda Settefisk.

Naustdal Elektro AS

vart starta i 1984 av Norvald Ospehaug. Verksemda har tre tilsette.

Naustdal Elektro AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal Elektro AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Førde Sementvarefabrikk AS

dreiv nokre år på 1980-talet sementvarefabrikk ved det store sandtaket som dei kjøpte i Jubrauta i Naustedalen.

Eklogitt-gruvene på Engebø

På 1980-talet vart det starta arbeid for å få i gang gruvedrift på den verdfulle bergarten eklogitt på Engebø (aust for Vevring).

Rocksource ASA

- sjå Eklogitt-gruvene på Engebø.

Nordic Mining ASA

- sjå Eklogitt-gruvene på Engebø.

Naustdal Blikkenslagerverksted AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdal Blikkenslagerverksted AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdal Blikkenslagerverksted AS

vart starta i Naustdal i 1988 av Arne Jens Larsen. Verksemda har fire tilsette.

Naustdal Bygg AS

byggefirma vart starta i 1990 av Oddbjørn Aase.

Norgesbygg Naustdal Bygg AS

- sjå Naustdal Bygg AS.

Sunnfjord Industri- og Sveiseservice AS

vart starta av Bertel Fitje i 1994.

Svendsen Mekaniske

- sjå Sunnfjord Industri- og Sveiseservice AS.

Helga Slettehaug

i Frammarsvik starta i 2000 med kafé i samband med Luftkampmuseet som vart opna på garden til minne om det store luftslaget over Sunnfjord den 9. februar 1945.

Håjen Kafe

- sjå Helga Slettehaug.

Frammarsvik med Luftkampmuseet og Håjen Kafe midt på biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frammarsvik med Luftkampmuseet og Håjen Kafe midt på biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Falkenstein Hagesenter

vart opna av Mona Falkenstein i Naustdal i 2011. Ho tok over etter mora Turid Falkestein som hadde drive hagesenteret i vel 20 år i Førde. Samstundes overtok ho blomsterbutikken Myrtel Blomster og Gåve AS som var starta i Naustdal i 2008. Butikken fekk då namnet Falkenstein Blomster AS.

Myrtel Blomster og Gåve AS

– sjå Falkenstein Hagesenter.

Falkenstein Blomster AS

– sjå Falkenstein Hagesenter.

Dalen Næringssenter

på Kalland vart opna i 2012 av bygdefolket i Naustedalen.

Naustedalen.no

I 2012 gjekk 15 reiselivsaktørar saman om ein felles nettstad for å syne kva Naustedalen har å tilby turistar. Med i samarbeidet er overnattingsbedrifter og aktivitetstilbod som klatring, riding, fossevandring, laksefiske, hjortejakt og toppturar.

Vandring ved Styggelifossen er mellom aktivitetane som er samla under Naustedalen.no. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vandring ved Styggelifossen er mellom aktivitetane som er samla under Naustedalen.no. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.02.2014