Hopp til innhold
X
Innhald

Ingvard Svorstøl

Ingvard Svorstøl fødd 1930 på Svorstøl. Bonde og organisasjonsmann. Nestleiar i Norges Bonde- og Småbrukarlag 1974-1982, og medlem av forhandlingsutvalet for jordbruket.

Medlem av fylkeslandbruksstyret i 12 år, og har lagt ned eit stort arbeid for 4H. Har site i kommmunestyre og skulestyre i fleire periodar.

Svorstøl arbeidde i fleire år som fagkonsulent for Sogn og Fjordane Meieri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.12.2010