Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjeplanar i Instedalen

Ved Vonavatnet vart det i mange år arrangert stemne med innsamling av pengar til kyrkje i dalen. Foto: Einar Eimhjellen.

Ved Vonavatnet vart det i mange år arrangert stemne med innsamling av pengar til kyrkje i dalen. Foto: Einar Eimhjellen.

Kring 1920 tok folk i øvste Naustedalen opp arbeidet med å få reist eiga kyrkje for Instedalen fordi det er langt til kyrkja nede ved fjorden.

Frå 1918 vart det årleg arrangert «Vonastemne» der det vart samla inn pengar til ny kyrkje. Også mellom naustedøler i Amerika vart det samla inn pengar, og det vart samla saman bygningsmaterialar. Men betre veg gjorde at entusiasmen for eiga kyrkje minka, og pengane, 14.000 kroner, brukte til kyrkjeutstyr som altar, og preikestol som vart plassert i den nye grendaskulen. Der vert det halde gudsteneste 3-4 gonger i året.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2010