Hopp til innhold
X
Innhald

Leigemordar med hovudet på stake

I 1645 leigde Gunnar Åmot han Ola Hove til å ta livet av kona si. Både Gunnar og Ola vart halshogne for ugjerninga, og hovuda sette på stake til spott og spe. Eigedomane deira vart inndregne.

Dødsdømd for blodskam

I 1654 vart Berta Larsdotter Fitje halshoggen fordi ho hadde hatt samleie med både Ivar og Halvor Horstad. Dette vart dømd som blodskam, og når ho i tillegg hadde vore saman med den gifte Halvor Ullaland og fått barn med han, stod ikkje hovudet hennar til å berge. Som ei ekstra straff vart den halshogne kroppen gravlagd i uvigd jord.

Eigen bøddel i Vevring

Sist på 1600-talet hadde bygdene i Vevring «sin eigen» bøddel. Det var Ola Torgeirsson Seljevollen. I ei straffesak som han sjølv kom opp i i 1698 vert han nemnt som «Scharprechter» – d.v.s. skarprettar. Han var tilsett for å gje pryle-straff, og hengje eller halshogge folk dersom brotsverket var alvorleg nok.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018