Hopp til innhold
X
Innhald

Leiv Erdal

Leiv Erdal (1915-2009) frå Naustdal. Lensmann og Senterparti-politikar.

Leiv Erdal (1915-2009) frå Naustdal. Lensmann og Senterparti-politikar.

Motstandsmann under 2. verdskrig. Kst. lensmann i Naustdal og Vevring frå 1945 og fast tilsett frå 1947. Teneste siste åra som lensmann i Førde og Naustdal etter samanslåing.

Erdal var og kommunestyremedlem, og fylkesformann i Senterpartiet og landsstyremedlem. Vararepresentant til Stortinget 1969–1973 og 1973-1977.

Han har vore leiar i Sunnfjord Ungdomslag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.12.2009