Hopp til innhold
X
Innhald

Leo Aarseth

Leo Aarseth. Foto frå boka Krigsår, utlånt av Hildegunn Aarseth.

Leo Aarseth. Foto frå boka Krigsår, utlånt av Hildegunn Aarseth.

Samson Aarseth. Foto frå boka Krigsår, utlånt av Hildegunn Aarseth.

Samson Aarseth. Foto frå boka Krigsår, utlånt av Hildegunn Aarseth.

Leo Aarseth (1923-1940) frå Vevring. Matros og krigsseglar. Omkom då M/S ”Orkanger” vart torpedert i Middelhavet på veg frå Abadan til Malta den 12. juni 1940.

Aarseth vart tildelt krigsmedaljen.

Faren til Leo, Samson Aarseth, var også krigsseglar. Under 1. verdskrig opplevde Samson Aarseth å verte torpedert utanfor Irland, men heile mannskapet vart berga. Han var kaptein på M/S ”Skarv” då krigen braut ut i 1940. Skipet gjekk seinare inn i konvoifarten mellom USA og Europa, og frakta ammunisjon under landgangen i Normandie i 1944.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.12.2010