Hopp til innhold
X
Innhald

M & S Kleiva landhandel

M & S Kleiva landhandel vart grunnlagt 1903 av brørne Martin og Salmund Kleiva, frå 1908 var Martin eineeigar.

Firmaet dreiv også eksport av bær til Storbritannia (sjå også tilsvarande eksport under Industri og næring i Stryn og Bærplukking i Hornindal).

Frå 1929 dreiv Kleiva også eksport av reveskinn til Storbritannia. Firmaet kjøpte elles alle slags jordbruksprodukt som vart selde vidare til m.a. Bergen. I 1937 fekk Kleiva eigen lastebil, og i 1938 tankanlegg for Vestlandske Petroleumscompagni AS. Forretninga gjekk konkurs og vart avvikla i 1980.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.06.2008