Hopp til innhold
Magnus Grimset var ordførar i to periodar.
Magnus Grimset var ordførar i to periodar.
X
Innhald

Magnus Grimset

Magnus Grimset, bonde, Senterpartipolitikar og organisasjonsmann.

Magnus Grimset var fødd 25. mars 1916 i Naustdal og døydde 18. august 2016.

Medlem av kommunestyret 1959-1991, derav 32 år i formannskapet. Ordførar 1975-1979 og 1983-1987. Leiar i Norges Bondelag i sju år, i Sogn og Fjordane Bondelag i 11 år, styremedlem i Vestlandske Salslag i 14 år, og hadde m.a. ei rad tillitsverv i idrettslag og skyttarlag. Grimset var avsnittsjef i Heimevernet i Sunnfjord i 20 år.

Æresmedlem i Norges Bondelag, Norske Kommuners Sentralforbund, Sogn og Fjordane Senterparti, Sunnfjord Skyttarsamlag, Norges Kooperative Landsforening, Sunnfjord Skyttarlag og Naustdal Skyttarlag.

Peikarar

Artikkel i samband med feiringa av 100-årsdagen til Magnus Grimset: «Dette har vore ein dag over all forventing», nrk.no

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.08.2016