Hopp til innhold
X
Innhald

Naustdal Handelslag

Samvirkelagsfilialen på Kalland i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Samvirkelagsfilialen på Kalland i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal Handelslag vart starta i 1910 på Kalland i Naustedalen etter opptak frå Bertel Birkeland og Arne Sølvberg. Laget vart medlem av Norges Kooperative Landsforening i 1938. Det vart sett opp ny butikk i 1964 etter at ein sidan starten hadde halde til i eit hus som var flytta frå Geilane.

Handelslaget på Kalland vart tidleg på 1980-talet slege saman med Naustdal Samyrkelag, og vidare med Førde Samyrkelag i 1993.

Butikken vart lagd ned i 2009.

Filial på Fimland

Like etter 2. verdskrig starta Naustdal Handelslag på Kalland filial på Fimland. Der heldt butikken til i kjellaren på huset til Sakarias Fimland som hadde drive butikk der før krigen. Etter samanslåing med Naustdal Samyrkelag vart det bygd ny butikk på Fimland i 1983, men denne vart nedlagd i 1989. Grenda overtok lokala, og frå 1990 har Fimlandsbua halde til der, drive at Marit Eimhjellen og Helga Myrvang. Men i 2014 la dei ned drifta av Fimlandsbua.

Fimlandsbua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fimlandsbua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2014