Hopp til innhold
X
Innhald

Naustedøler eigde kyrkje og sjøbuer i Kinn

Kinn kyrkje sett frå Kinnaklova. Ola og Kristoffer Reiakvam eigde kyrkja i 26 år. Foto: Arne Stubhaug.

Kinn kyrkje sett frå Kinnaklova. Ola og Kristoffer Reiakvam eigde kyrkja i 26 år. Foto: Arne Stubhaug.

I det uvanleg rike vårsildfisket som gjekk føre seg kring Kinn frå slutten av 1700-talet og fram til det brått vart svart hav kring 1870, var det mange inne frå fjordane som bygde eigne saltebuer ute i fiskeværa.

Men nokre karar frå Naustdal satsa og gjorde større forretning i sildeåra enn det som vanleg var. Dei vart eigedomsinvestorar i stor stil ute i fiskeværa: I 1862 gjorde brørne Ola Reiakvam og Kristoffer Ullaland makebyte med ein mann på Skorpa om at dei skulle overta alle salteritomtene på Esøya mot at Skorpa-mannen skulle få overta tomter ved Bosundholmame. Tomtene vart leigde bort til folk som bygde saltebuer der. Dei eigde også saltbutomter på Reksten, der bergenskjøpmenn m.a. sette opp ei saltebu på 19 x 11 meter.

Brørne Ola og Kristoffer kjøpte også den gamle mellomalderkyrkja på Kinn for 5.000 specidalar i 1842 saman med eit par andre velståande fjordabønder. Dei selde kyrkja til Kinn kommune i 1868.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.12.2010