Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnvald Naustdal

I dette huset dreiv Ragnvald Naustdal bilverkstad og bensinstasjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset dreiv Ragnvald Naustdal bilverkstad og bensinstasjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ragnvald Naustdal bygde bensinstasjon og bilverkstad i Naustdal sentrum i 1958. Han hadde nokre år før det drive smie i bygda.

Han leigde i nokre år ut bensinstasjonen til Sigvald Hjelle før denne bygde sin eigen bensinstasjon ved den nye riksvegen like nedanfor Naustdalsfossen.

Ragnvald Naustdal bygde i 1975 ny bensinstasjon og serviceanlegg like ved nyebrua ved elveosen. Dette vart kring 1990 overteke av forretningsmannen Roy Solbakken frå Førde, og det har no namnet Naustdal Bensin & Service AS.

Naustdal Bensin & Service. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdal Bensin & Service. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.12.2010