Hopp til innhold
X
Innhald

Soldatepidemien i 1811

Christian Bonning Uchermann var den første distriktslegen i Fjordane. Han vart tilsett i 1802, og hadde tilhald i Innvik i Nordfjord. Noko seinare vart stillinga flytta til Førde.

Her fekk han mykje arbeid med ein epidemi som vart dregen heim med soldatar frå krigen mot svenskane kring 1811. Epidemien herja hardt i inste Sunnfjord-bygdene i mange år, og vert omtala så seint som i 1831.

Fram til 1836 var det berre to distriktslegar i fylket – ein for Sogn og ein for Fjordane. I 1836 vart talet på legar auka til fire. Legen for Sunnfjord hadde då tilhald på Storgarden Tysse.

Indre Sunnfjord fekk si spesielle legeordning i 1854, då legen Hammer opna praksis i Førde. I 1857 fekk fylket åtte legedistrikt. Kinn vart eige legedistrikt i 1863, og i 1866 søkte Vevring kommune om å verte overført frå distriktlegen i Førde til legen i Kinn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.11.2008