Hopp til innhold
X
Innhald

Spillsykja herja

Lepra, eller ”spillsykja” som den vart kalla på folkemunne, var den store farsotten på Vestlandet fram til bergenslegen Gerhard Henrik Armauer Hansen (1841-1912) oppdaga leprabasillen under mikroskopet i 1873. Etter det fekk ein raskt bukt med sjukdomen.

Distriktet mellom Bergen og Romsdal hadde over halvparten av alle spedalske i landet, og i Sunnfjord var Førde prestegjeld hardast råka. I 1857 vart det talt 109 spedalske i prestegjeldet. Verst var det i Naustdal kyrkjesokn der det var 58 spillsjuke. I Vevring sokn talde ein 25 sjuke og i Førde 26.

Det var ikkje uvanleg at pasientane sjølve tok del i ”indretensta” på leprasjukehusa i Bergen, St. Jørgen Hospital og Lungegaarden. Ein mann frå garden Solheim i Naustdal, Ingvald Martin Solheim f. 1831, var utdanna sersjant. Han vart spedalsk og var innlagt på eitt av leprahospitala i Bergen. Der fungerte han som lærar.

Vart skild frå spedalsk kjærast

På 1600-talet les vi at eit kjærestepar frå Gryta vart råka hardt av spillsykja: Pål Andersson og Helga Andersdotter var trulova. Men i 1619 kravde stefaren til Helga at trulovinga med Pål måtte opphevast fordi Pål hadde vorte spedalsk. Truloving var på den tida mest jamgodt med giftarmål. Skulle trulovinga verte kjent til inkjes så måtte det avgjerast av Bergen Domkapitel, og der fekk Helga og stefaren medhald.

Les meir om lepra i artikkelen Spedalsksjuka - lepra.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2010