Hopp til innhold
X
Innhald

Stavkyrkje i Vevring

Vevring med dagens kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vevring med dagens kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Vevring har det vore kyrkjer sidan 1100-1200-talet. Den første kyrkja var mest truleg ei stavkyrkje og er omtala i Bjørgvin kalvskinn på 1300-talet. I 1525 nemner biskop Olav Torkildson at ”Oluff paa Gryte” er ombodsmann for denne kyrkja.

I 1686 vart kyrkja omtala som ei kyrkje med stavkonstruksjon både i kor og våpenhus. Skipet var 15 meter langt og 9,5 meter breitt, og koret var sju meter breitt og 5,5 meter langt. Våpenhuset var 3,5 meter langt og 9,5 meter breitt. Den samla lengda på kyrkja vart dermed kring 18 meter – med andre ord ei temmeleg stor trekyrkje på den tida. Sidan kyrkja då hadde stavverk i kor og våpenhus, er det truleg at den gamle stavkyrkja har vorte delt og delane dregne frå kvarandre. Deretter har ein bygd til nytt kyrkjeskip mellom dei gamle ”stavkyrkjedelane”. Ein slik teknikk vart ofte brukt ved utviding av trekyrkjer i gamle dagar. Ein finn m.a. metoden nytta i Kaupanger stavkyrkje.

I 1686 vert det elles opplyst at det er sett opp ny gapestokk utanfor kyrkja i Vevring. kring 1715 fekk kyrkja tårn med spir og hane. Denne gamle kyrkja vart riven for å gje plass til ny kyrkje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2010