Hopp til innhold
X
Innhald

Stian Grimseth

Stian Grimseth. Foto: Bjørn Sigurdsøn/Scanpix.

Stian Grimseth. Foto: Bjørn Sigurdsøn/Scanpix.

Stian Grimseth fødd 1972 i Naustdal. Vektløftar og forretningsmann. Medlem av idrettslaget frå Tambarskjelvar. Han var frå sitt første norske meisterskap i 1993 den fremste norske vektløftaren.

Grimseth har teke 10 kongepokalar og i alt 12 norske meisterskaptitlar.

Nordisk meister 1995, 1997 og 1999. Tok gull i rykk og bronseplass totalt i EM 1996 og 1997. Fekk 10. plass i OL i Atlanta i 1996. I VM- samanheng, er det beste plasseringa 7. plass i Aten 1999.

Stian Grimseth. Foto: Bjørn Sigurdsøn, Scanpix.

Stian Grimseth. Foto: Bjørn Sigurdsøn, Scanpix.

Testa positivt

Han var deltakar den norske troppen til OL i Sydney 2000, men testa positivt på dopingtesten etter å ha ete kosttilskotet Ribose.

Sjølv om Grimseth hevda at han ikkje kjende til at kosttilskotet inneheldt forbodne stoff, vart han utestengd for ein periode på to år frå konkurransar for uaktsam bruk av dopingmidlar. Utestenginga vart redusert til seks månader etter at Grimseth anka saka.

Fekk erstatning

Stian Grimseth gjekk til sak mot produsenten av Ribose, Universal Nutrition. I 2006 vart det inngått eit forlik som innebar at Grimseth fekk ein økonomisk kompensasjon.

Under OL i Aten i 2004 skadde Grimseth ei sene i eine kneet og vart frakta ut på båre. Foto: Tor Richardsen.

Under OL i Aten i 2004 skadde Grimseth ei sene i eine kneet og vart frakta ut på båre. Foto: Tor Richardsen.

Grimseth arbeidde som prosjektleiar i Sunnfjord Energi fram til han i 2007 vart tilsett som dagleg leiar i Gravdal Byggsenter AS i Førde.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.12.2010