Hopp til innhold
X
Innhald

Stina og Maren Underli

I 1833 starta ei religiøs vekkingsbylgje i Redalen som fòr over bygdene langs heile Førdefjorden.

Vekkinga starta med to unge systre frå Vevring, haugianarane Stina Underli (1816-1843) og Maren Fitje (1812–1845). Stina var berre 17 år då ho tok til å reise som emissær, og var eit godt ”trekkplaster” på møta med sin vakre song.

Møta til dei to karismatiske systrene var så kjenslelada at folk kom i transe, og eldre haugianar-leiarar måtte gripe inn og roe det heile ned.

Sjå meir under:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.03.2008