Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnfjord Industri- og Sveiseservice AS

Det som var att av verksemda på Byrkjeflot etter brannen i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det som var att av verksemda på Byrkjeflot etter brannen i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunnfjord Industri- og Sveiseservice AS vart starta av Bertel Fitje i 1994, etter at han overtok lokala til Svendsen Mekaniske. Verksemda produserte stålkonstruksjonar til bygg og anlegg og heldt til på Byrkjeflot.

I 2006 hadde Sunnfjord Industri- og Sveiseservice åtte tilsette og ein omsetning på nærmare 10 millionar kroner. I januar 2008 brann fabrikklokala ned til grunnen, og verksemda vart ikkje bygd oppatt.

Sunnfjord Industri- og Sveiseservice brenn i januar 2008. Foto: NRK.

Sunnfjord Industri- og Sveiseservice brenn i januar 2008. Foto: NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.12.2010