Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Thingnes

Svein Thingnes fødd 1940 i Vevring. Kunsthandverkar.

Svein Thingnes fødd 1940 i Vevring. Kunsthandverkar.

Utdanna ved Bergen Kunsthåndverkskole og ved kunstakademi i Bulgaria. Han har delteke på ei rad kollektivutstillingar i Noreg, Island, Færøyane og Nederland, og har hatt separautstillingar både i Noreg og utlandet.

Utsmykkingsoppdrag til sjukeheimen i Florø, telehuset på Sandane og Fylkeshuset på Hermansverk. Innkjøpt m.a. av Norsk Kulturråd, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og ei rad kunstindustrimuseum i Oslo, Bergen og Trondheim.

Bror til Marit Thingnæs (sjå Kjende personar i Naustdal fødde år 1930-1960).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.12.2010