Hopp til innhold
X
Innhald

Tidleg handel i Naustdal

Naustdal sentrum på 1890-talet. Nede til høgre ligg huset til Henrik Gundersen, der det var handel og gjestgiveri. Hotellet som han bygde nokre år etter at dette biletet vart teke, vart reist like til venstre for huset hans. Ukjend fotograf.

Naustdal sentrum på 1890-talet. Nede til høgre ligg huset til Henrik Gundersen, der det var handel og gjestgiveri. Hotellet som han bygde nokre år etter at dette biletet vart teke, vart reist like til venstre for huset hans. Ukjend fotograf.

Den gamle skyssruta med båt inn Førdefjorden gjorde at det frå midten av 1600-talet vart skipa skysstasjonar med gjestgiveri og lokal handel både i Naustdal og på Tingneset i Vevring.

I 1684 høyrer vi om Sjur Olsson som har borgarbrev på handelen i Naustdal. Av eit løyvebrev frå 1742 går det fram at det er komne to skjenkestover i bygda. Dei freista stadig å slå beinkrok på kvarandre med gjensidige skuldingar om ulovleg skjenking og misleghald av løyvet. Kring 1700 var Jakob Larsson ei tid både gjestgjevar og lensmann i Naustdal, og i 1726 finn vi Rasmus Gunnarson (f. 1683 på Hukset) som gjestgjevar der. Då han døydde i 1738, dreiv enkja Anna Sofia gjestgiveriet fram til sonen Mons Rasmusson (1720-1772) kunne overta i 1742. Han var, som faren, også lensmann i bygda ei tid.

Søkkrik gjestgjevar

Sonen til Mons Rasmusson, Rasmus Monsson Dahl, var gjestgjevar i Naustdal i åra frå 1773 til 1815. Dahl-namnet kan han truleg ha lagt til etter eit tidlegare giftarmål med ei kvinne som heitte Maria Magdalena Dahl. I 1791 var han imidlertid gift med ei kvinne frå ein annan rik sunnfjordfamilie, Kristina Margrete Henriksdotter Nitter, som stamma frå dei rike jordeigarane på Tysse gard i Fjaler (sjå Fjaler kommune). Rasmus Monsson Dahl vart ein av dei rikaste som har budd i Naustdal. I tillegg til storgarden Naustdal eigde han ei mengd gardar i heile Sunnfjord. Det kan ha samanheng med at han har fått noko i medgifte då han vart gift med ei kvinne frå den rike Nitter-slekta. Rasmus Monsson Dahl hadde elles eiga jekt, ein løftingsbåt og ei mengd fem- og sekskeipingar, og han dreiv store fiskebruk ved kysten. I Batalden hadde han sett opp eiga sjøbu. Då han døydde i 1815, fanst det store mengder kostbare sølvgjenstandar og møblar av utanlandsk opphav i buet. Det fortel også litt om aktiviteten på den lokale skjenkestova at det vart talt opp åtte store bryggjekar og seks eiketønner i dødsbuet etter Dahl. Det vart sonen Mons Henrik Rasmusson (1795-1822) som overtok dei store eigedomane etter faren. Men i 1830 makeskifta han eigedomane sine med kremmaren i Hellevik, Mads Boge Martens, slik at han sjølv fekk eigedomar i Stavang, medan Mads Boge Martens overtok i Naustdal og fekk løyve til handel i 1832 og gjestgjevarløyve i 1836. Martens rådde over handelen og gjestgiveriet i Naustdal fram til 1843. Nett på den tida vart byborgarprivilegia og restriksjonane på å drive handelsverksemd oppløyste.

Friis Gundersen-huset i Naustdal sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Friis Gundersen-huset i Naustdal sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Friis Gundersen-slekta kjem inn

I 1843 kjøpte prestesonen Johan Friis garden, og overtok etter kvart også retten til å drive gjestgiveri og handel. I 1885 overtok svigersonen til Friis, Henrik Mathias Gundersen (1852-1946), eigedomane som m.a. omfatta det verdfulle laksefisket under Naustdalsfossen. Dette hadde no engelske sportsfiskarar vist interesse for, og i 1899 reiste Gundersen eit hotell der han losjerte laksefiskarar i full pensjon, og fekk dessutan plass i hotellet til postkontoret som han var styrar for. Hotellbygget vart rive i 1970. Gundersen bygde elles både fargeri, mølle, elektrisitetsverk og trevarefabrikk ved Naustdalsfossen, der han sysselsette til saman 18 personar. Les meir under Forretningsfamilien Friis Gundersen.

Særordning for sersjanten

Dei gamle byprivilegia som gav folk frå velståande slekter løyve til å drive handel og gjestgiveri kringom på landbygda, vart vakta nidkjært frå dei som fekk slike løyve. Sakene mot andre som freista å gå dei i næringa, er tallause i dei vestnorske rettsbøkene. Men det fanst eitt vanleg unntak frå denne regelen der det vart kravt byborgarskap for i drive med slikt: Det galdt for menn som tidlegare hadde gjort teneste som offiserar i det militære. Når slike søknader dukka opp, ser det ut til at dei glatt fekk kongeløyve til å drive skjenking, alle som ein. Slik var det også då sersjanten Anders Olsson frå Liones fekk løyve til å drive eit såkalla øltapperi i Naustdal kring 1730. Og då Anders døydde og enkja Maria gifta seg opp att fekk den nye ektemaken hennar, Jakob Torsson, overta løyvet og vart omtala som gjestgjevar. Dette var altså ei konkurrerande skjenkestove til den som vart driven av kremmaren i bygda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.12.2010