Hopp til innhold
X
Innhald

Vassbotnen Ysteri

Vassbotnen Ysteri vart starta av dei tre gardbrukarane i grenda Vassbotnen ved Vevring i 1929. På gardane i Vassbotnen var det på det meste kring 120 vaksne geiter som kunne mjølke opptil 200 liter dagleg, og av dette vart det bortimot 20 kilo ferdig geitost.

Osten vart seld til lokale kjøpmenn og til Florø og Bergen. Sidan gardane var straumlause, måtte osteelta drivast rundt med ei såkalla hestevandring der gardshesten var trekkrafta. Geitostproduksjonen heldt fram til vegen til gardane var ferdig kring 1950. og mjølka kunne sendast direkte til meieriet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.12.2009