Hopp til innhold
X
Innhald

Veg Førde-Naustdal

Frå opninga av vegen mellom Førde og Naustdal i 1937. Foto: O. Fauske. Eigar: Fauskesamlinga.

Frå opninga av vegen mellom Førde og Naustdal i 1937. Foto: O. Fauske. Eigar: Fauskesamlinga.

Første gong kravet om veg Førde-Naustdal vart reist, var i 1883. Etter at linealternativet etter den gamle driftevegslina gjennom Åsedalen til Rotenes var vraka, valde ein veg langs sjøen. Bygginga starta i 1911, men det var vanskeleg terreng med mange stupbratte hamrar som skulle forserast.

I 1923 vart den første køyrebrua over Naustdalsfossen bygd. Dette var ei såkalla fagverksbru i stål som framleis står. Før brua over Naustdalsfossen vart bygd var det vanleg at folk kryssa elva med båt, eller gjekk på isen vinterstid. Det var mykje lokal strid om kvar brua skulle krysse elva, for mange ville ha den nærmare Naustdal sentrum.

Opptil 67 mann arbeidde på veganlegget Førde-Naustdal. Mykje av anlegget vart drive så naudsarbeid for arbeidslause, og vegen vart opna i 1937.

Ny veg Førde-Naustdal vart bygd på 1960-1970-talet, den 284 meter lange Kletten-tunnelen i Førde 1969, og tunnelane på Hornnes (191 meter) og Bjørnsnes (288 meter) i 1975. I 1970 vart det bygd ny riksvegbru over utløpet av Nausta, og riksvegen opp til Naustdalsfossen vart lagd langs elva og utanom sentrum.

Riksvegbrua over Nausta vart bygd i 1970. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Riksvegbrua over Nausta vart bygd i 1970. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.12.2010