Hopp til innhold
X
Innhald

Vevring Landhandel

Fjordbutikken i Vevring. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordbutikken i Vevring. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vevring Landhandel AS vart grunnlagd i 1891 av Erik O. Thingnæs. Han dreiv også postopneri og dampskipskai. Dottera Hanna, gift med Anders Førland, tok over i 1907, og i 1925 bygde dei nytt forretningsbygg.

Sjå fleire omtaler under: Landhandlar og samyrkelag i Naustdal.

Sonesonen Torleiv Førland vart leiar for verksemda i 1942. På 1970-talet var butikken pilotbutikk i det landsomfattande prosjektet for å berge små nærbutikkar. Førland bygde nytt forretningsbygg i 1985, og har sidan overlate drifta til «Fjordbutikken AS», der bygdefolket er aksjonærar. (sjå også Handelsstaden Vevring).

Sjå fleire omtaler under: Landhandlar og samyrkelag i Naustdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 18.12.2009