Hopp til innhold
X
Innhald

Gerd Kjellaug Berge

Gerd Kjellaug Berge, hotelldirektør. Med bruk av nynorsk i leiarverv både i Norsk Hotell- og Restaurantforbund og Næringslivets Handelsorganisasjon blei ho kåra til «Årets nynorskbrukar 2002».

Berge er fødd i Sogndal 20. mars 1943. Ho var direktør ved Selje Hotell frå 1976 til 2014, frå 1983 til 2014 også eigar saman med Harald Berge. Berge var president i Norsk Hotell- og Restaurantforbund 1988–90, og ho har vore styremedlem i Næringslivets Handelsorganisasjon (NHO), der ho var visepresident 2000–04.
 
Nynorsk kultursentrum kåra Berge til «Årets nynorskbrukar 2002» for hennar konsekvente bruk av nynorsk i reiselivsnæringa og i viktige formelle posisjonar i norsk næringsliv. Ho har også fått Kongens fortenestemedalje i sølv.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 16.08.2018