Hopp til innhold
X
Innhald

Kjell Stig Amdam

Kjell Stig Amdam er biletkunstnar.

Kjell Stig Amdam fødd 1941 i Trondheim. Han var busett i Selje frå 1995 til 2018, sidan flytta han til Bergen. Amdam er biletkunstnar som har arbeidd mykje med religiøse kunstuttrykk og kyrkjekunst. Han er innkjøpt m.a. til Erkebispegården i Trondheim, til bispegardane i Bergen og Molde og av Sør-Trøndelag fylke.

Saman med sambuaren, tekstilkunstnaren Vigdis Wåge (1945–2006) frå Florø bygde Amdam opp kunstgalleriet Galleriet mot storhavet, også kalla Atelier Amdam, i Selje. Etter over 20 år drift selde Amdam bustaden og galleriet i Selje i 2018.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.03.2019