Klostergodset

St. Jørgens Hospital i Bergen.
Klostergodset til Selje rådde etterkvart over enorme jordeigedomar over heile det nordlege Vestlandet. I 1647 talde klostergodset 173 gardar frå Vaksdal i sør til Herøy på Sunnmøre i nord! I Nordfjord var klostergodset det største på denne tida.
Klostergodset vart konfiskert av kongen under reformasjonen i 1536. I 1545 vart godset overført til stiftinga St. Jørgen Hospital, som seinare reiste det kjende sjukehuset for spedalske i Marken i Bergen (frå 1754 – no museum). Frå denne tida fekk godset nemninga «Hospital-godset» – eller på folkemunne «Spital-godset».
Då tuberkulosen avløyste lepraen (spillsykja) som folkesjukdom nr. 1 på slutten av 1800-talet, bygde St. Jørgen Stiftelse eit av landets største tuberkulosesjukehus på Harastølen i Luster. Dette stod ferdig i 1902. Slik kan ein seie at det med mange år og omvegar var klostergodset frå Selje som la det økonomiske grunnlaget for Harastølen!
Sjå også: Selje kloster og Sunniva-legenden
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 26.10.2011