Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftforsyning i Selje

Stadlandet er frå naturen veleigna til vindkraft, men den første søknaden om vindmøllepark vart avslegen. Foto: Stig Silden.

Stadlandet er frå naturen veleigna til vindkraft, men den første søknaden om vindmøllepark vart avslegen. Foto: Stig Silden.

Kommunen kjøpte Skorgevassdraget

Første initiativet til kraftverk i Selje tok sokneprest Reiel Nybø i 1913.

Ålfotsaka råka hardt i Selje

Selje var ein av kommunane som i 1918 gjekk med i Ålfot Interkommunale kraftelskap som hadde planar om å byggje ut kraftverk i Ålfoten til ålmenn forsyning av Nordfjord og store delar av Sunnfjord. Dette solidariske selskapet havarerte i dyrtida og nedgangstidene som fylgde etter 1. verdskrig. Eigarkommunane vart kasta ut i ei økonomisk hengemyr. For Selje kommune sin del varde desse problema heilt til slutten av 1930-talet. – Les meir om Ålfotsaka i eigen artikkel under Bremanger kommune, og i artiklar under: Kommunehistorie i Selje.

Vindmøller vart nekta

I 2000 la Statkraft planar om å byggje ein av Noregs største vindmølleparkar for kraftproduksjon på Hoddevikfjellet. Planen var å byggje 34 vindmøller, 70 meter høge og godt synlege i det særmerkte kystlandskapet. Selje kommunestyre støtta planane, medan Fortidsminneforeningen og Norges Naturvernforbund var imot. I april 2002 avslo NVE søknaden. I 2009 fekk selskapet avslag på å byggje ein vindmøllepark på fjellet Okla, og same året vart det gjeve løyve til test av havbasert vindmølle ved kysten nord for Seljeøya.

Motstandarane av vindkraft vann første runde og fekk hindra vindmøllepark på Hoddevikfjellet. Her frå ei synfaring med m.a. dåverande leiar i Norges Naturvernforbund, Erik Solheim (t.v.) og Håkon Sandvik (t.h.) som representerte konsesjonssøkaren. Foto: NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 06.04.2010