Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Eliasson Rønneberg

Handelsstaden Osmundsvåg tidleg på 1900-talet.

Handelsstaden Osmundsvåg tidleg på 1900-talet.

Nils Eliasson Rønneberg (1796–1857) frå Valderøya på Sunnmøre, busett i Osmundsvåg. Handelsmann og politikar.

Eigde og dreiv Handelsstaden Osmundsvåg i Vågsøy kommune frå 1821 til han i 1839 flytta til Selje og starta handel, gjestgiveri, klippfisktørkeri og mangt anna der.

Han var varaordførar i Selje kommune frå 1838, og tredje vararepresentant til Stortinget 1830.

Rønneberg var også såkalla «hospitalgodsstyrar» i Nordfjord – d.v.s. at han var lokal forvaltar for dei jordbrukseigedomane som leprasjukehuset St. Jørgen Hospital eigde i distriktet. «Spitalgodset» var i hovudsak eigedommar som tidlegare var eigd av klosteret i Selje. Mesteparten av desse gardane vart kjøpte fri av gardbrukarane tidleg på 1800-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.02.2021