Hopp til innhold
X
Innhald

Øl og brennevin på Liset

Den gamle kyrkjevegen frå Stadlandet til kyrkja i Selje gjekk over Liberra like nord for garden Liset som ligg i stranda nord for kyrkja.

På 1800-talet var det fleire som peika på Liberra som vegline for køyreveg mellom Stadlandet og Selje, men Sandvikseidet og Mannseidet lengre inne vann. I 1745 fekk Jakob Hansson Liset løyve til å selje øl og brennevin og selje tobakk til folket som ferdast forbi på kyrkjeveg, eller som dreiv vinterfiske i Skårefjorden utanfor.

Svigersonen Hans Olsson Pileberg tok over som skjenkestyrar på Liset då Jakob døydde i 1895, og han fekk også løyve til å drive gjesteheim på grannegarden Pileberg. Truleg var det skjenkestove på Liset fram til kring 1830.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.07.2008