Hopp til innhold
X
Innhald

Paneda AS

vart skipa i Selje i 2001 av Oddvar Flølo.

Dei første åra heitte selskapet LokalDigital AS. I 2004 kom Geir Gjørsvik, Tom Joensen og Trond Inge Kvernevik med som aksjonærar. Geir Gjørsvik vart dagleg leiar.

Selskapet baserer produksjonen på ei patentert oppfinning av Oddvar Flølo som gjer det mogeleg å ta inn gode, digitale TV-signal på stader som ligg i satellittskugge. Verksemda reknar i 2005 med å utvide til 30 tilsette dersom selskapet får kontrakt på å formidle TV-signal til kring 12.000 husstandar i Noreg som ligg i satellitt-skugge.

Reodorprisen 2005

Vart tildelt Innovasjon Norge sin oppfinnar- og nyskapingspris – Reodorprisen - for 2005. Prisen er på 200.000 kroner.

Dotterselskap i Sverige

I 2014 etablerte Paneda eit dotterselskap i Linköping i Sverige – Paneda Tech AB. Paneda har i 2014 om lag 20 tilsette, og omsette for vel 38 millionar kroner i 2013. Resultatet før skatt var på nesten 11 millionar.


Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.06.2015