Hopp til innhold
X
Innhald

2. verdskrig i Sogndal

I slutten av april 1940 låg to sjøfly frå flygruppa til marinen i Kvamsviki i Barsnesfjorden. Etter kapitulasjonen flaug dei vestover. Det eine kom til Skottland, det andre havarerte ved Shetland. Foto frå boka ”Flyalarm”.

Det svenske lasteskipet ”Balboa”  søkte ly etter krigsutbrotet, først i Sogndalsfjorden og deretter i Fjærlandsfjorden.

Det svenske lasteskipet ”Balboa” søkte ly etter krigsutbrotet, først i Sogndalsfjorden og deretter i Fjærlandsfjorden.

I 1938 la dei tyske krigsskipa «Köln» og «Königsberg» seg for anker i Fjærlandsfjorden ved Mundal.

Etter krigsutbrotet i april 1940 søkte det svensk lasteskipet "Balboa" dekning i Sogndalsfjorden. Skipet kom frå Argentina med sukker. Det låg utanfor Sogndalsfjøra då tyske fly freista å senke det, men råka ikkje med bombene. Det var truleg etter denne hendinga at skipet søkte ly tett opp under berga ved Mosehamaren i Fjærlandsfjorden. Skipet låg i Fjærland i fleire veker før det torde å gå vidare til Sverige.

Helgheim under krigen

Folkehøgskulen vart nytta som mobiliseringsstad for norske styrkar, seinare kaserne for tyskarane, losji for evakuerte born, og etter krigen vart Helgheim ein kort periode nytta som samlingsstad for dei ein mistenkte for samarbeid med tyskarane.

Fly gøymde bort i Sogndal

Under krigsutbrotet 9. april 1940 vart den norske marinen sine sjøfly ved stasjonen på Flatøy ved Bergen evakuerte i to grupper. Den eine vart stasjonert i Hardanger, og den andre i Sogn med Balestrand som hovudbase (sjå: Bombinga i Esefjorden). Sognefjord flygruppe hadde i desse første krigsdagane også provisoriske stasjonar i Eivindvik og Sogndal.

Krigs-kraft frå Årøy

Under krigen la tyskarane planar om å byggje ut kraftverk i Årøyelva for å forsyne m.a. gruvene i Kinsedal - sjå: Årøy-krafta til glede og besvær. Anortositt frå Kinsedal skulle verte råstoff til det kjempestore aluminumverket som okkupantane bygde i Årdal - sjå: Tyskarane satsar på Årdal.

I Festingedalen rett over dagens ferjekai på Mannheller var det våpenlager. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I Festingedalen rett over dagens ferjekai på Mannheller var det våpenlager. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Våpenlager i Festingedalen

I Festingedalen ved Kaupanger var det lagringsplass for våpen under 2. verdskrig. Her låg ein fråflytt husmannsplass, og våpna kom med frakteskøyter ute frå Sogne-kysten. På fjellet over Aspikstrondi ved Lustrafjorden låg ei hytte der fleire Milorg-folk låg i dekning. Denne gruppa låg under kommando frå hovudstyrken i Sogndalsdalen - sjå nedanfor:

Milorg-basen i Sogndalsdalen

Då løytnant Ragnar Ulstein frå Kompani Linge hausten 1944 vart landsett saman med Harald Svindseth på øya Domben i Florø hadde han som oppgåve i organisere motstandsgrupper for Milorg i heile Sogn og Fjordane i løpet av nokre få månader. Sjølv tok Ulstein ansvaret for Sogn, der han bygde opp organisasjonen under kodenamnet «Siskin».

Falne og omkomne frå Sogndal

Fire frå Sogndal miste livet som fylgje av krigshandlingar, to av dei døydde etter krigen.

Folk frå Sogndal i tysk fangenskap

Tyskarane sende 12 sogndøler i fangenskap.

Fjærland var ein slags fristad der tyskarane ikkje var til stades, og folk på flukt frå okkupasjonsmakta tok seg dit. Her er tre som heldt til i bygda ei stund til tyskarane kom på sporet av dei. Dei er fotograferte på kaia saman med Johanna og Per Lidal etter den tyske kapitulasjonen. Ukjend fotograf.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 30.01.2018