Hopp til innhold
X
Innhald

Aaberge Planteskule

Åberge Planteskule på Ylvisaker. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Åberge Planteskule på Ylvisaker. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Åberge Planteskule vart starta på Åberge i 1949 av Guttorm Aaberge. Broren Karstein Aaberge gjekk inn i verksemda i 1952.

Dei første åra var frukttre hovudartikkelen, men seinare har planteskulen satsa mest på prydbusker og –tre og hagesenter.

Verksemda held no til på Ylvisaker, men har i kortare og lengre periodar leigd jord fleire stader i kommunen, m.a. på Fosshaugane, Rutlin, Stedje, Kaupanger og på Slinde der planteskulen sidan 1979 har disponert eigen gard.

Kring 1980 overtok syskenparet Ester og Jon Aaberge den daglege drifta av planteskulen. I sesongen sysselset familieverksemda 12-13 personar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.01.2010