Hopp til innhold
X
Innhald

Amla tidleg ute med postkontor

I Nedre Amla var det postkontor i vel 100 år. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Nedre Amla var det postkontor i vel 100 år. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Amble postopneri vart skipa i 1854 då det fekk anløp av postdampskipet «Bjørgvin» som var sett inn i den viktige postruta mellom Bergen og Oslo via Lærdal og Filefjell.

Dette skipet gjekk ein tur i veka, og gjekk opp under Amla på kvar tur. I 1859 vart postkontornamnet endra til «Kaupanger», og framleis var det plassert ved dampskipskaia på Nedre Amla og med lensmann Jersin som postekspeditør heilt fram til 1878. I 1920 vart postadressa endra til «Amla i Sogn», og i 1961 vart kontoret lagt ned.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2011