Arne Slinde

Arne Slinde. Foto: Terje Eggum.
Arne Slinde (1920–2006) frå Slinde. Lastebileigar og organisasjonsmann. Starta som lastebilsjåfør på slutten av 1930-talet, og bygde opp transportselskapet Slinde Transport AS.
Han var ein av skiparane av Sogn Lastebileigarlag i 1945, og fylkesleiar i Norsk Lastebileier Forbund frå 1953 til 1985. Han var også medskipar av Sogn Transportsentral i 1961.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 17.08.2011