Hopp til innhold
X
Innhald

Årøy-krafta til glede og besvær

Det meste av vatnet som før gjekk i Helvetesfossen kjem no i røyr ned til kraftstasjonen. Men enkelte dagar renn det framleis bra med vatn i fossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det meste av vatnet som før gjekk i Helvetesfossen kjem no i røyr ned til kraftstasjonen. Men enkelte dagar renn det framleis bra med vatn i fossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå Hafslovatnet rann ein gong i tida ei stri og fosserik elv gjennom det trange gjølet ved Helvetesfossen og ut i Barsnesfjorden ved Årøy. I dag går det meste av vatnet gjennom turbinane i Årøy kraftverk, eigd av Sognekraft.

Gamlevegen Sogndal–Hafslo

Årøyelva var frå gamalt ein kjend attraksjon for reisande mellom Sogndal og Hafslo, der dei kunne sjå loddrett ned i Helvetesfossen 80 meter under kjerrevegen som klorte seg fast i hamrane på austsida av elva ved Borgarholt.

Futespranget i Helvetesfossen

Det er ved Helvetesfossen vi også finn namnet Futespranget - frå den gongen då arge bønder jaga den forhatte Sogne-futen på elva.

Laksefisket i Årøy

Seinare fekk Årøyelva ry på seg som ei av dei gjevaste lakseelevane på Vestlandet. Men Årøy-namnet skulle bli langt meir kjent som eit stridens namn i samband med kraftutbygging.

Årøy i 1943, før kraftstasjonen vart sett i drift. Vi ser at vassføringa i Helvetesfossen er stor. Foto: Per Tang. © Tang-samlinga - DHS Sogn Folkemuseum/Fylkesarkivet.

Årøy i 1943, før kraftstasjonen vart sett i drift. Vi ser at vassføringa i Helvetesfossen er stor. Foto: Per Tang. © Tang-samlinga - DHS Sogn Folkemuseum/Fylkesarkivet.

Fossekjøp og industriplanar i Årøy

Fossekrafta i Årøyelva var av dei mest attraktive då dei første fossekjøparane tok til å kjøpe fallrettar på Vestlandet på 1890-talet.

Gaulasamskipnaden - eit intermesso

Sogndal kommune gjekk med i Gaulasamskipnaden i 1920. Dette var eitt av i alt tre interkommunale selskap som skulle byggje ut kraftverk til ålmenn forsyning.

Årøykraft

A/S Årøy vart skipa i 1941 for å stå som eigar og byggjar av ein ny kraftstasjon. I 1973 vart Årøyvassdraget verna mot vidare utbygging i ti år - m.a. av omsynet til kulturvern kring vassdraget. Då vassdraget vart frigjeve for utbygging stod Sognekraft for utbygginga.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.08.2011