Audun Hundere

Byggsenteret Audun Hundere AS på Loftesnes i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Audun Hundere starta som entreprenør og med byggevareutsal på Loftesnes i 1963. Han hadde gått i tømrarlære hjå Sigurd Fretland i Lærdal, gjekk på teknisk skule i Oslo frå 1957 og arbeidde ei tid i Bærum før han flytta heim til Sogn. Der fekk han m.a. ein del arbeid med byggjefeltet på Leite i Sogndal.
Firmaet vart aksjeselskap i 1985 under namnet Byggsenteret Audun Hundere AS. I 2000 overtok sonen Asle Roar Hundere leiinga av selskapet. Firmaet sysselsette i 2006 39 personar og hadde ei årsomsetning på kring 48 millionar kroner.
Byggsenteret Audun Hundere AS var i nokre år med i Byggeriet-kjeda, men gjekk i 2011 inn i XL-gruppa.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 14.01.2014