Hopp til innhold
X
Innhald

Audun Slinda I

Audun Slinda I (Audun a Slinda). Levde på 1300-talet. Eigar av Slinde-godset og truleg adelsmann, for han bar tilnamnet «herre». Historikaren P. A. Munch meiner at han var syslemann i Sogn.

Far til Audun Slinda II. Sjå elles meir om slekta under Slinde-godset.

I lokale kjelder vert det hevda at han i 1281 var med på bryllupet mellom den norske barnekongen Eirik Magnusson og den skotske prinsessa Margareta, men dette er ei mistyding. «Riddar Audun» som der er nemnt, var riddar Audun Hugleikson frå Jølster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.12.2007