Hopp til innhold
X
Innhald

Båtrutene i Fjærland

Ein fylkesbåt ved kai i Mundal rundt 1900. © Fylkesarkivet.

Ein fylkesbåt ved kai i Mundal rundt 1900. © Fylkesarkivet.

Fjærland fekk sporadiske anløp av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane alt i 1861, men fast rutebåt ein gong i månaden frå 1862. Frå 1877 vart det stopp kvar fjortande dag. Etter at bygda fekk hotell i 1891, vart Fjærland knytt til ei turistrute på Sogn som gjekk sommarstid.

Fjordbussen ”Balholm” bakkar ut frå kai i Mundal. Ukjend fotograf. Eigar: Fjærland Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fjordbussen ”Balholm” bakkar ut frå kai i Mundal. Ukjend fotograf. Eigar: Fjærland Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gardbrukar Anders Aa. Mundal frå garden Øvre Mundal var i mange år dampskipsekspeditør, og gjekk den kilometer lange vegen til fjords for å ta seg av rutebåten. 1910 bygde han eit hus ved kaia som romma dampskipsekspedisjonen og posten. Då sonen Per kom heim frå Amerika i 1921, overtok han som ekspeditør og postopnar saman med kona Gudny, og var det langt fram på 1960-talet.

Folk på kaia i Mundal vinkar farvel til dei som reiser. Ukjend fotograf. Eigar: Fjærland Sogelag.

Folk på kaia i Mundal vinkar farvel til dei som reiser. Ukjend fotograf. Eigar: Fjærland Sogelag.

Dagleg samband

I 1960 fekk bygda dagleg turistrutesamband med Balestrand. Ferjeruta på same strekninga kom i gang i 1974. Sjå elles: Ferjesamband frå Fjærland.

Den tidlegare dampskipskaia i Mundal i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den tidlegare dampskipskaia i Mundal i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Isen skapte vanskar

Fjordisen kunne einskilde vintrar leggje seg langt utetter, slik at rutebåtane ikkje kom lengre inn enn til Distad. Skipa måtte losse ved iskanten.

Les meir om kommunehistoria i Sogndal - om kommunestyremøtet om bord på båten ved iskanten.

Ferjekaia i Mundal med ”Vetlefjord” ved kai. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferjekaia i Mundal med ”Vetlefjord” ved kai. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.08.2011