Hopp til innhold
X
Innhald

Betre ferjesamband mot Lærdal og Gudvangen

Frå 1966 til 1993 gjekk det ferjer frå Kaupanger til Revsnes midt på biletet. Ferjekaia på Revsnes vart lagd ned då Fodnestunnelen og Fodnes ferjekai stod klare. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå 1966 til 1993 gjekk det ferjer frå Kaupanger til Revsnes midt på biletet. Ferjekaia på Revsnes vart lagd ned då Fodnestunnelen og Fodnes ferjekai stod klare. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1939 vart det sett opp ei ny ferje mellom Kaupanger og Lærdal, samstundes som det vart starta ferjerute Lærdal-Gudvangen.

Desse rutene var i drift heilt til vegen til eit nytt ferjeleie på Revsnes 20 km vest for Lærdalsøyri vart opna i 1966 - sjå: Ferjene i Lærdal. Men det viste seg at vegen vestover til Revsnes var svært rasfarleg, og fleire gonger hende det alvorlege rasulukker på vegen.

Ferjestrekninga Kaupanger–Revsnes var i drift til Fodnestunnelen (6604 meter) vart opna i 1993, og ferja vart sett inn på strekninga Kaupanger–Fodnes. Dette sambandet var i drift til Amlatunnelen (2969 meter) og ferjeleiet på Mannheller vart opna i 1995.

Mannheller ferjekai. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mannheller ferjekai. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei nye veg- og tunnelsystema Kaupanger-Lærdal-Årdal vert delvis finansierte ved innkreving av bompengeavgift på ferja Mannheller-Fodnes. Etter at tunnelsystema opna, vert Kaupanger berre nytta som ferjeplass i sommarhalvåret, då Fylkesbaatane set opp ei turistrute Lærdal–Kaupanger–Gudvangen.

Framleis er det ferjekø i Kaupanger. Det er mange turistar som tek sommarruta til Gudvangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Framleis er det ferjekø i Kaupanger. Det er mange turistar som tek sommarruta til Gudvangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.08.2011