Hopp til innhold
X
Innhald

Billett for å sjå på «dampen» i Sogndal

Kring 1900 var det hotelleigar og kjøpmann Daniel Danielsen som var dampskipsekspeditør i Sogndal. Han bygde ei låst grind i bakken som gjekk ned til kaia, og folk som ville sjå på «dampen» måtte løyse billett! Det kosta fem øre å sleppe gjennom grinda og ned på kaia.

Ei liknande billettordning freista ein seg også på ei tid i Vik - sjå: Billett for å sjå dampbåten i Vik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2008