Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørn skoten i 2008

Bjørnen som vart felt på Vetlebréen etter at han var frakta med helikopter til Kjøsnes i Jølster. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Bjørnen som vart felt på Vetlebréen etter at han var frakta med helikopter til Kjøsnes i Jølster. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Den 15. juni 2008 vart ein ung hannbjørn felt på Vetlebréen ved Bøyadalen i Fjærland av Jan Erik Gjerland og Sverre Sæten.

Drepe mykje sau

Det var truleg denne bjørnen som i vekene før hadde drepe mykje sau både i Viksdalen, Haukedalen og Fjærland. Eit jaktlag med spesialtrena hund vart sett opp for å felle bjørnen. Gjerland og Sæten felte bjørnen med fire skot på 100 meters hald inne på bréen etter at ein hadde oppdaga ferske spor og skadde sauer i Bøyadalen.

52 år sidan sist

Den forrige bjørnen som vart felt i Sogn og Fjordane, var felt i Leirdalen i Luster i 1956.

Jan Erik Gjerland (t.v.) og Sverre Sæten felte bjørnen på Vetlebréen. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Jan Erik Gjerland (t.v.) og Sverre Sæten felte bjørnen på Vetlebréen. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016