Hopp til innhold
X
Innhald

Bolette C. Pavels Larsen

Bolette Pavels Larsen. © Fylkesarkivet.

Bolette Pavels Larsen. © Fylkesarkivet.

Bolette C. Pavels Larsen (1847-1904) frå Kjørnes, busett i Bergen. Forfattar. Ho var dotter av sakførar Jonas Lund. Gjennom slektsband på morssida vitja ho ofte Munthe–garden i Ytre Kroken i Luster, der ho hadde omgang med kunstnarar. Ho flytta frå Sogndal til Bergen 17 år gamal.

Arbeidde som forfattar, bokmeldar i Bergens Tidende frå 1884, og omsetjar. Ho vart medlem av nynorsklaget Vestmannalaget i Bergen og sterkt oppteken av målreising og dialektar. I 1888 gav ho ut «Staaveprat» – ei fri omarbeiding til sognamål av nokre forteljingar av den svenske forfattaren Henrik Warnér. Desse gav ho ut på nynorskforlaget til Mons Litleré. Også «Smaoe skjeldringa» gav ho ut på sognamål i 1897 (Aschehoug), same året som dei også kom ut på bokmål. Ho gav ut forteljingsamlinga «Kløver og Klunger» i 1902.

Ho vitja årvisst Fjærland, og i 1907 vart det reist ein minnestein over Bolette Pavels Larsen i Fjærland. Etter flytting står den no ved Fjærland skule. Ho og ektemannen Ole Johan Larsen (1845–1928) donerte ei stor boksamling til Bergen Museum.

Syster til Hartvig Kaas Munthe Lund), og gjennom slektsband på morssida til Ytre Kroken i Luster syskenbarn til kunstmålar Gerhard Munthe (1849–1929) og forfattaren Margrethe Munthe (1860–1931) frå Elverum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021