Brævasshytta

Den opphavelege Brævasshytta, bygd i 1960. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Brævasshytta under Bøyabréen i Fjærland vart bygd i 1960 av Gudmund og Mina Bøyum og Gjertrud og Mikkel Bøyum. Før den tid dreiv Mundal Hotell ein kafé ved Bøyabréen, og når cruiseskip var på vitjing hadde bygdefolket salsboder langs vegen opp til bréen. I 1985 overtok paret Gerd Bøyum og Harald Kimsås. I 1993 vart Brævasshytta mykje utvida til 108 sitjeplassar innandørs og med ein stor utandørsterrasse. Sidan 2000 har Gerd Bøyum vore eineeigar og har drive hytta saman med borna sine.

Den nyaste delen av Brævasshytta, bygd i 1993, har stort panoramavindauge mot bréen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 08.02.2010