Hopp til innhold
X
Innhald

Clara Øberg

Clara Øberg, sjukepleiar, tannhelsedirektør og profilert Ap-politikar, frå Sogn, har markert seg med kontroversielle utsegner i betente saker som sjukehusstrid og kommunesamanslåing.

Clara Øberg er fødd i 1960 på Årdalstangen, busett i Sogndal. Øberg har spesialutdanning som bedriftssjukepleiar og utdanning i helseadministrasjon. Ho har arbeidd i fylkeskommunen og ved Lærdal sjukehus før ho i 2004 vart tenesteleiar for helse- og omsorgsetaten i Sogndal kommune. I 2011 vart ho tilsett som assisterande direktør for den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane. I 2015 vart ho konstituert, og i 2016 tilsett som tannhelsedirektør i Sogn og Fjordane. 

Øberg har vore engasjert i, og profilert som Ap-politikar. Ho var medlem av kommunestyret i Sogndal i to periodar, derav ein periode som varaordførar. Ho har også vore medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane frå 2007 til 2011. Frå 2005 til 2012 leia Øberg styret i Helse Førde. Ho har fleire gongar markert seg med skarpe fråsegn i kontroversielle saker, med anna mot dåverande ordførar i Flora, statsråd Liv Signe Navarsete (Sp) om sjukehusstridane i Sogn og Fjordane, og mot nestleiar Hadia Tajik (Ap) i samband med uro i Arbeidarpartiet rundt oppførselen til den andre nestleiaren, Trond Giske.

Kjelder

Matias Helgheim: "Øberg ny tannhelsedirektør", sfj.no, sist oppdatert 21. november 2016, http://www.sfj.no/oberg-ny-tan... [lesedato 25.1.2018]

Gro Ravnestad, Erlend Blaalid Oldeide og Roy Raasholm Fauske : "Sjikane flaum mot Øberg", NRK.no, sist oppdatert 30. oktober 2007, https://www.nrk.no/sognogfjord...[lesedato 25.1.2018]

NTB: "Støttespillere: - Nå ligger Giske nede", nettavisen.no, sist oppdatert 2. januar 2018, https://www.nettavisen.no/nyhe...[lesedato 25.1.2018]

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.01.2018