Hopp til innhold
X
Innhald

Claus Kvamme

Claus Kvamme. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Claus Kvamme. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Claus Kvamme fødd 1935 i Bergen, busett i Fjærland. Lærar og direktør i skuleverket.

Cand. real. 1962. Arbeidde som lærar ved gymnas i Bergen og Alta før han vart lærar ved Sogndal gymnas. Rektor ved ungdomsskulen i Sogndal 1970-1974. Arbeidde i Forsøksrådet for skuleverket 1974-1977. Tilsett ved fylkeskulekontoret i Sogn og Fjordane 1978, og fylkesskulesjef og seinare direktør for utdanning i fylkeskommunen 1981-1998.

Saman med kona Kari Kvamme gjorde Claus Kvamme ein stor innsats for å få starta Den norske Bokbyen i Fjærland i 1995. Begge har sidan vore med i den daglege leiinga i Bokbyen. Claus Kvamme har vore styreleiar for Sogndal folkehøgskule sidan 1985, og frå 1998 styreleiar for Fjordane folkehøgskule. Han har elles hatt mange tillitsverv i lokalsamfunnet og sat på fylkestinget for Høgre 2007-2011.

Saman med kona Kari vart Claus Kvamme tildelt Fylkeskulturprisen 2011.

Kari og Claus Kvamme får Fylkeskulturprisen. Til venstre leiar i Hovudutvalet for kultur, Nils Gjerland, til høgre fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Foto: Birthe Finstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Kari og Claus Kvamme får Fylkeskulturprisen. Til venstre leiar i Hovudutvalet for kultur, Nils Gjerland, til høgre fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Foto: Birthe Finstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2011